I samband med friluftslivets år slo Borna sitt Turlag på stortromma, og leigde inn den historiske seglskuta Mathilde for ein heil dag med eventyr!
Publisert: 02. september 2025
Nyhet
Det vart fire smekkfulle avgangar med over 150 små og store som fekk oppleva skulebåten.
Ombord fekk dei prøva seg på å setja segl, liggja i hengekøye, syngja sjømannsviser og generelt utforska båten. Ein avgang fekk til og med prøva å ro seglbåten i land!
Etter tokta kunne sjørøvarane følgja ein spennande rebus frå gjestekaia opp til skatten på Bydgatunet, der det vart arrangert ulike aktivitetar under Granvinsdagen.