Sjørøvartokt i Granvinsfjorden
Det er friluftslivets år og me inviterer born og vaksne med på tokt i vakre Gravinsfjorden! Laurdag 30. august er alle velkomne på båttur med den fantastiske seglbåten "Mathilde"

Mannskapet har mykje erfaring med å ha born om bord, og vil gje alle moglegheit til å prøva seg på å setja segl, navigera etter kart, liggja i hengekøye og generelt utforska båten.
Me oppfordrar folk til å kle seg ut som sjørøvarar om dei ynskjer det :) Voss Røde Kors stiller med bamselegevakt og maskoten Henry.
Granvinsdagen skjer samme dag med masse kjekke aktivitetar, så her kan du verkeleg nyta ein heil dag i Granvin.
Avgangar:
Bestill avgang kl. 10.00
Bestill avgang kl. 11.30
Bestill avgang kl. 13.00
Bestill avgang kl. 14.30
Transport:
Me oppmodar folk til å ta buss frå Voss til Granvin.
Rutetider Skyss (Voss Stasjon- Granvin terminal, Buss 990 til Odda):
Avreise 09:10, ankomst 09:40
Avreise 11:10, ankomst 11:43
Avreise 13:05, ankomst 13:42
Retur (Granvin terminal- Voss Stasjon, Buss 990 til Voss):
Avreise 13:50, ankomst 14:20
Avreise 15:09, ankomst 15:40 (Buss 925, fra Granvin)
Avreise 15:40, ankomst 16:10
Avreise 16:09, ankomst 16:40 (Buss 925, fra Granvin)
Prisar
Born: 50 kr
Vaksen: 100 kr
Same pris for medlem/ ikkje medlem.
Prisen inkluderer ikkje buss.
Viktig info:
Alle aldre er veldig velkomne, men for at flest mogleg born skal få med seg tokta ynskjer me helst ikkje meir enn ein vaksen per born.
Det er ikkje obligatorisk med redningsvest på båten. Ynskjer du å bruka vest må du ta med dette sjølve (kan låna hjå Skattkammeret på Voss).
Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss Uferdslag, Voss Frivilligsentral og Voss Røde Kors.
Se også

