21 deltakarar var med på skogsturen frå Heggjavad til Yksnabjørg.
Publisert: 02. oktober 2025 Skrevet av:
Richard Jacobsen
Turreferat
Første del av turen følgde me den gamle kongevegen/ postvegen mot Dyrvedalen, for så å ta av på ein gamal skogsveg til Ingetveitene. Deretter gjekk me vidare på grusveg til Yksnabjørg.
På retur gjekk me «snarvegen om Bauthus» til Taulen, etterfylgt av skogsvegen til Heggjavad. Turleiarane Bente og Richard fortalde om dei gamle kongevegane og postvegane, samt om historiane knytt til busetnaden på Yksnabjøg, alt med supplerande innspel for turdeltakarane.
Stemninga var god og praten gjekk lett heile tida. Truleg var det grunnen til at gamle Eirik ikkje viste seg, for i fylgje Dyrvedølene var han ofte å sjå i dalen, særleg på «snarvegen til Bauthus».