Flott sundagstur med seniorgruppa til Sollii og Sollikamben!
Publisert: 15. juli 2024
Turreferat
Foto: Bjarne Fosse
Turen gjekk med bil til Skjerve og vidare på sti opp Skjervskleivane til Sollii der det vart klipp i stølshefte. Meir "opptur" til Sollikamben der det var nye klipp.
Etter mat fann turleiaren ut at dei fire turdeltakarane som var med hadde gått alt for fort og det vart lagt inn "strafferunde" Øvraset - Gulset - Saghaugen - Mønskleivane til Skjerve. Fekk og synt arbeidet som Bjørgum IL legg ned med utbetring av gangstiar i området - veldig flott!
Kl 11 kom regnet som lova - sommarregn og fin temperatur, ikkje sure miner for litt nedkjøling.