På onsdag gjekk seniorgruppa frå Ospehaugen til stølen Helgaset.
Publisert: 06. mars 2026 Skrevet av:
Solveig Nedkvitne Herre
Føremelding
Foto: Åsta Birkeland
Det hadde kome nysnø i fjellet så føret var heilt ideelt, og ikkje hardt slik det var nokre dagar tidlegare.
Ein lang og god matpause tok me i det flotte grindbygget hans Per. Veret var lettskya/ overskya, og på heimvegen titta sola fram, så alle var vel nøgde med turen.