Forrige onsdag gjekk 15 seniorar ein historisk rundtur på Fyrjo.
Publisert: 22. september 2025 Skrevet av:
Solveig N. Herre
Turreferat
Foto: Knut Bryn
Me parkerte på Selsbøen, gjekk opp langs elva til Høglitjørna og over Høgaberget.
Heldigvis letta skodda så me fekk nyta den fine utsikta, før skoddedottane kom att.
Turen vart avslutta i selet til turleiar Knut. Der fekk me ei hyggeleg stund med varme i ovnen og nytrekt kaffi. Det vart fortalt om den eldgamle bygningen, vegbygginga som delvis vart utført av russiske krigsfangar, og om tida då budeiene rådde grunnen på stølen.
15, stykkevis berre 14 var med på turen, då det også vart drive litt smalasanking undervegs.