9 var møtt opp for tur på Vikafjellet, meldingane utover dagen var dårlege og turleiarane la om turen til Sendedalen.
Publisert: 03. april 2024 Skrevet av:
Bjarne Fosse
Turreferat
Foto: Gunnar Hansen
Skyene var komme når turen starta frå parkeringsplassen, skareføre med mykje frosne skispor var utfordrande og etter kvart med snø i lufta vart det heilt "kviting", bra med kvistane til BHT, men likevel krevjande forhold og pausen vart i enden av Kringlavatnet. På tilbaketuren var det komme litt nysnø, litt betre for skina, men flatt ljos.
Alle gjennomførde turen utan å skade og med godt humør. Stor takk til turleiarane Bjarne Fosse og Tove Fadnes