Seniortur Mjølfjell - Ulvikahøgda
Onsdagsturen til seniorgruppa gjekk 14.aug.frå Mjølfjell til Ulvikahøgda.
Me var 10 personar som gjekk den 16 km lange turen som starta på Mjølfjell og gjekk i fint driv oppover lia mot Vesethytta, der me hadde første matpause.
Etter pausen fortset me langs Vesetvatnet og bratt oppover langs fjellformasjonen Jeriken. Oppe på toppen var me på turen sitt høgste punkt og me starta nedstigning mot Fallet. Øvst i Fallet ligg store steinblokker, og under ei flat stor blokk er det liggeplass for to personar, seiest det. Her kunne og lik "mellomlagrast" dersom snøtilhøva var vanskeleg i fjellet.
Herifrå ser ein dalen djuptunder oss, og ein trur det er mest umogeleg å komma seg ned. Frå gamalt av gjekk det ein ferdaveg gjennom Fallet som var vanskelege for både folk og dyr. Difor vart det for omlag 100 år sidan murt opp ein fin mur
som gjer nedfarten lettare. Men det var fleire avsatsar nedover den ville dalen før ein møter Tyssedalstølen. Me kunne sjå fantastiske fjellformasjonar og elver som deler seg i fleire nye avsatsar nedover i fjellsidene.
Etter Tyssedalstølen gjekk turen i rolegare terreng mot garden Sotenos der minibuss venta. Turen var ei fantastisk oppleving i fint turvær som me truleg vil hugse lenge.
Sjå bilete frå turen her: