Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Seniortur fra Upsete til Myrdal

Onsdag den 20 august gjekk turen frå Upsete til Myrdal gjennom Ugjerdsdalen.

Publisert: 22. august 2025
Skrevet av: Åsta Birkeland
Turreferat
Seniortur frå Upsete til Myrdal 20 august 2025
Foto: Åsta Birkeland

Heile 22 påmelde og 2 turleiarar tok toget til Upsete onsdag morgon. Gruppa gjekk i jamt tempo opp til Jernhusvatnet og vidare til Geitavatnet der stien deler seg – ein til Kaldavasshytta og ein til Ugjerdsdalen. 

Mange av turdeltakarane gjekk denne turen for første gang og fann mykje å fotografere i storslått utsyn og små detaljar som myrull og blåbær. Det var ikkje mykje molter å sjå, men dei som var modne fann fort vegen inn i munnen. Då me rasta i ly av murane til ei av telegrafhyttene, fortalte Reidar Berge litt om området og anbefalte artikkelen til Peder Ringdal i "Gamalt or Voss", 2024 om husa på Upsete. 

Vegen ned gjennom Ugjerdsdalen med mykje stein gjekk på lette seniorføter berre avbroten av fotografering og små pustepausar. Me kryssa Uvgjesdøla med mange fine badekulper, men ingen let seg freiste til bad denne dagen. Etter ei lita stigning fekk me eit imponerande utsyn over Flåmsdalen. Siste delen av turen mot Myrdal stasjon var krevjande med ein del bratte parti. For fleire var det då godt å komme « fast grunn» på vegen opp til stasjonsområdet. Takk for ein flott tur!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag