Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Seniortur frå Mølster - Heggjavad

Flott seniortur i flott vårvêr frå Mølster til Heggjavad i går!

Publisert: 08. mai 2025
Skrevet av: Bente Daltveit
Turreferat
Seniortur, 7. mai 20225, frå Mølster til Heggjavad.
Foto: Bente Daltveit

Onsdagsturane er ofte turar i noksånærområdet, der ein kan bli kjent med nye stader og kanskje også får litt kunnskap om desse stadene som ein ikkje hadde frå før. Så då fekk me vita at Mølster kjem av knust, smuldra småstein-( jord) og at Heggjavad  er/ har vore vårstøl til Brekke- og Finnegardane.

Heggjavad( Heigheia vaddi) er ein av dei stølane som er tidlegast nemd i skriftlige kjelder, nemleg Mellomalderbrev frå Vossabygdene frå1340!

Så difor kjende me oss nærmast på historisk grunn då me vandra på dei gamle stiane og tok kaffipause nedanfor dei gamle stølshusa på Heggjavad med panoramautsyn over Vossabygda. Men me har plass til fleire på seniorturane ! 

Stor takk til turleiar Bente Daltveit! 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag