Flott tur med seniorgruppa førre veke med elleve deltakarar!
Publisert: 08. september 2025
Turreferat
Foto: Åsta Birkeland
Turen gjekk frå Bulko til granvinsstølen Middalen og vossastølen Lyklaset. Me var heldige med veret, delvis skya og sol, berre litt småyr på slutten. Det var bratt i byrjinga, så det var godt med matpause i Middalen oppunder Nesheimshorga.
På turen hadde me storslått utsyn, m.a. til stølane Langeset, Stuaset, Byrset og Skamdalen, og til fjellgarden Grønlii. I eldre tider, ikkje minst på 1600-talet, var det strid om stølsrettar mellom vossingane og hardingane i dette området. Gode fjellbeite var nok grunnen til det.
Stor takk til turleiarane Solveig N. Herre og Lars Lillethun