Brekurs med Dnt Ung
I starten av august reiste fire ungdommar frå Dnt Ung (frå ulike delar av landet) opp til Jostedalen på "minibrekurs" som gjekk over tre dagar.
Skrevet av: Marie Haga

Det var i forkant av kurset sendt ut fleire farevarsel om mellom anna mykje nedbør, og regn blei det, men heldigvis ikkje så mykje som frykta. Gjennom kursdagane var det både regn, sol, opphald og ein god del vind, men me fekk gjennomført heile opplegget som planlagt.
Sjølv om vêret ikkje viste seg frå si beste side, så storkoste me oss på dei ulike breane (me var innom både Nigardsbreen og Tuftebreen). Ingen av oss hadde særleg erfaring frå bre tidlegare, men alle synest kurset gav meirsmak.
Det var lærerike og ikkje minst kjekke dagar med danske breførar Mads Kilstrup Bonne. Me fekk innføring i breutstyr, ulike teknikkar for å ta seg fram, og kva ein må tenkja på når ein ferdast på bre. Det var også kjekt å få prøva seg på redning frå sprekk og isklatring.
Når me ikkje var på breen, koste me oss saman på hytta til breførarlaget. Absolutt ein vellukka tur, og me sit igjen med mange gode minne og opplevingar me vil ta med oss vidare!
Se også

