Padle- og vandrehelg i Nærøyfjorden
Herleg overnattingstur i Nærøyfjorden med fire deltakarar!
Me padla fredag ettermiddag frå Gudvangen. Noko motvind og bølgjer i starten, men vinden løya etterkvart og sola kom fram. Fin kveldsstund ved skulehuset i Dyrdal.
Neste dag starta med skya vêr og yr, men betring utover dagen. Gruppa fekk ein flott tur på Breiskrenosi 1189 m.o.h. Nydeleg utsikt over fjord og fjell. Noko vind og nokon solgløtt. Litt snø å gå i før siste oppstigning til toppen. Attende til fjorden vart det friskt sjøbad før ein herleg middag, og med sitronkake til dessert.
Sundag var me i kajakkane våre kl 9.30, med kurs for Underdal. Der møtte Edvin Flåm oss med trekkspelmusikk og servering av lokale spesialitetar i naustet sitt. Her fekk me mat og drikke på sjølvlaga fjøler og beger, som deltakarane fekk med seg heim. Han fortalde om livet i Underdal frå gamle dagar til no, og viste blant anna tobakk produsert i Underdal. Etterpå tok han oss med på kulturvandring i bygda, før han stod for skyss attende til Gudvangen for henting av bilane.
Me takkar Edvin for ein fantastisk dag i vakre Underdal! Takk også til gruppa for ein kjempekjekk helgetur!
Turleiarane Kjersti Vik og Bente Søfteland