Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Overnattingstur: Eensstølen - Tvinnestølen - Voladammen

Nydeleg tur førre helg!

Publisert: 20. september 2024
Skrevet av: Arvid Rykke
Turreferat
Sundagstur
Foto: Arvid Rykke

Me var 8 ivrige turgåarar som starta frå Eenstølen laurdag morgon og gjekk på stien til Hommedalstølen og vidare oppover mot Svartanosi.

God matpause under Svartanose der me hadde god utsikt mot Stronde. Så oppover på delvis varda sti i eit vilt fjellområde. Vardane viste god veg langs bratte stup, mellom småvatten, rundt store steinar og berghamrar. Alle vart imponerte over dette terrenget og snart var me komme fram på kanten slik at me såg Tvinnestølen.

Vel framme på Tvinnestølen prata me litt med dei som var der og kokte kaffi. Dei spekaste ville bada og halve gjengen hoppa uti det øvste vatnet. Det var litt kaldt og sola mangla, men alle som bada sa at det gjorde godt.

På kvelden vart det laga kjempegod gryterett og me sat lenge ved bordet og tureiarane fann dessert og fleire godsaker på lageret til hyttetilsynet. Etterpå vart kvelden avrunda med ein kjekk selskapsleik.

God frukost på sundags morgon. Me hadde god tid og med skodde og regn ute vart me sikre på at å avlysa turen til Kvitanosi var heilt rett.

Avreise på ein kortare tur i 12-tida og me følgde T-stien til Volahytta. Det hadde vore heilt fult med gjester på hytta om natta, men me fekk plass til å eta nista. Me prata med gjestene og såg oss rundt. Fint og ryddig på hytta og med ny flott platting og rekkverk utanfor sikringshytta.

Vidar på T- stien til Voladammen der me vart henta. Veldig kjekk tur saman med ein flott gjeng.

Helsing turleiarane Arvid Rykke og Grete Fjærestad

Caption

 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag