Overnattingskurs for barnefamiliar
Med Anna Kaspara og Ingeborg frå Dnt Ung-styret i spissen, blei det ein triveleg helg for barnefamiliane med overnatting i telt og matlaging på bål & primus ved Volahyttå.
Skrevet av: Anna Kaspara Rinaldo

Laurdags morgon gjekk reisa i minibuss mot Evanger og opp i Teiglandsdalen. Når me kom fram til parkeringa ved Voladammen tok me ein liten pause der me snakka litt om turen.
Det var ikkje lange biten inn til Volahytta (ca 1,5 km og litt under 100 høgdemeter), men me tok oss god tid og koste oss på vegen! Etter litt lunsj såg me etter ein eigna plass å ha teltplass og fekk satt opp telta, før me trakk ned til Volavatnet.
Her blei det fisking og nokon var til og med så tøffe å bada! Mot kvelden så begynte me på middag. Det var taco som stod på menyen og alle bidrog! Det vart ein koseleg felles middag. Laurdagen vart avlslutta med bål i bålpanne, marshmallows og fullmåne! Så var det god natt.
På søndagsmorgon hadde me ein samling i 9-tida, der nokon lagde bål for å koka vann, mens andre brukte primus. Det vart ein roleg felles frukost med eige niste. Me snakka litt om korleis natta hadde vore, og kva me ville gjere i dag. Me kom fram til at me vill gå ein tur litt opp i lia for å sjå korleis det var der. Me pakka ned telta og gjorde sekkane klare, før me tok ein fottur uten sekk.
Turen var veldig fin og det blei teke supre gruppebilete, før me trakk ned igjen for å eta lunsj. Me begynte å gå heimover i 13-tia, og fekk litt tid å slå i hjel på parkeringa, så då blei det kaffi og kakao. Tusen takk for denne gang!
Se også

