Tradisjon tru vart det Opptur med over 200 ungdommar og lærarar. Kjekke ungdommar, nydeleg vêr og god stemning
Publisert: 08. mai 2025
Turreferat
Foto: Audun Hellevang
Elevane tok buss til Palmafossen og gjekk ein fin runde i Storåsen. Me var so heldige å få bruka Skjedikane til hovudmatpausen. Her var det utdeling av kinobillettar til alle elevane og trekking av premiar.
Etter pausen gjekk turen ned til Tvilde, der alle gjekk kvar til sitt. Takk til alle som var med på turen og ein ekstra takk til alle våre frivillige som gjer det mogleg å arrangera Opptur. Me gler oss allereie til neste år!