Opptur 2024
Onsdag 8. mai arrangerte me "Opptur" for alle 8.-klassingane i Voss herad og det vart ein fin dag i Storåsen!
Føremålet er sosialt samvær, naturoppleving og fysisk aktivitet. I år gjekk turen over Storåsen, der over 200 elevar og kontaktlærarar var med.
Me tok buss frå Holbergsplass og starta ved Palmafossen. I år gjekk turen frå Rykkje - Gudleikstreet - Skjedikane - Tvilde . Matpausen tok me på garden på Skjedikane. Dette er ein gamal husmannsgard, og som idag er ein fritidseigedom. Eigaren hadde gjeve oss løyve til å ha pause her, noko me er takksame for. Her samla me oss, og det var tid for mat.
I pausen fekk elevane utdelt kvar sin kinobillett og det var trekking av kviss-vinnarane.
Etter føremiddagsmaten gjekk turen ned til Tvilde og vidare til skulen. Voss Utferdslag takkar for ein nydeleg dag med kjekke ungdommar og lærarar.
Me vil også retta ein stor takk til Voss Sparebank, Voss Energi, Voss Veksel og Landmandsbank og Sparebanken Vest som har støtta dette arrangementet.