Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Oppstart DNT Unge Vaksne

Over 20 ungdommar engasjerte seg på oppstartsmøte til DNT Unge Vaksne.

Publisert: 10. desember 2025
Skrevet av: Sofie Hagland Børseth
Nyheter
Oppstartsmøte Dnt Unge Vaksne desember 2025
Foto: Sofie Hagland Børseth

I går kveld var det oppstartsmøte for den nye turgruppa DNT Unge Vaksne på Voss Vandrarheim. 

Veldig kjekt med godt oppmøte og få bli betre kjent med ein engasjert gjeng som har trua på konseptet. 

I likheit med mange andre DNT-lag har Voss Utferdslag no altså etablert ei turgruppa for unge vaksne mellom 20 og 40 år. Særlig etter at fjellsportgruppa ikkje blei gjenoppstarta etter pandemien, har dette vært ei aldersgruppa me ikkje har hatt eit godt tilbud til. 

På møte meldte heile 10 stykker seg til å bli med i ei arbeidsgruppa som jobbar videre med etableringa. Me kom også godt i gang med planlegginga av neste års turprogram med spennande lavterksel og meir krevandre turar og aktivitetar. Det ser ut som det kan bli alt frå fjellski og randonee, til bålkos, fisking, havkajakk og klatring for å nevna noko.

Er du nyfiken på å bidra som frivillig? Send ein e-post til sofie.borseth@dnt.no så tar me ein prat :) Fylg gjerne gruppa på Facebook (@DNTUngeVaksneVoss) og på instagram (@dntungevaksne). 

 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag