Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Onsdagsklatring med DNT Ung

I mai og juni organiserer DNT Ung (13 - 25 år) fem klatrekveldar på Staup. Den fyrste onsdagsklatringa vil vera gratis for alle, og du er velkomen om du er medlem eller ikkje. Dette arrangementet passar for alle med eller utan klatreerfaring.

Publisert: 22. april 2024
Nyheter
Klatrekurs.
Foto: Øystein Ormåsen

Intro klatrekveld: onsdag 8. mai

Instruktør: Godkjent klatreinstruktør frå Wild Voss
Transport: Felles transport frå Holbergplass kl 17.30 med minibuss. Retur kl 20.00
Pris: Gratis
Utstyr: Tau, sele og taubrems er inkludert.
Påmelding: Påmeldingsfrist er tirsdag 7 mai kl 12.00. Meld deg på her
Kvar: Klatreklippene på Staup (Google maps). NB! Vis omsyn til beitedyr langs grusvegen! Lukk grindene bak deg.
Kontaktperson: Erlend Rong Næss, 95 93 17 31

Onsdagsklatring

I tillegg arrangerer me fire kveldar med onsdagsklatring på Staup på fylgjande datoar: 

15 mai kl 18.00 - 20.00 

22 mai kl 18.00 - 20.00 

29 mai kl 18.00 - 20.00 

5 juni kl 18.00 - 20.00

Er du medlem i Voss Utferdslag (kr 345 for ungdom) er desse klatreøktene gratis. Er du ikkje medlem kostar kvar økt kr 250,- . Les meir og meld deg på i lenkjene over. 

Bli medlem 
Vil du bli medlem i Voss Utferdslag, kan du enkelt gjera det ved å trykkja på denne lenkja

Me gler oss! 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag