Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Nansenbu er ferdig etter stor utbetring

Hytta, som vart gjeven som ei gåve til Voss Utferdslag i 2018, har denne sumaren fått nytt fundament, tilbygg og ei ny flott naudbu.

Publisert: 02. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
Nyheter
Foto:

Me skal prøva å fatta oss i kortheit. I 2019, like etter ferdigstillinga av hytta, vart det registrert at hytta hadde byrja å sige. Fleire fagfolk tok turen til Nansenbu og vurderte grunnen som hytta stod på. Konklusjonen var at hytta var uheldig plassert på ei myr. 

I tillegg til uheldige grunntilhøve var det utfordringar med store snømassar ved inngangsdøra og utedoen på nordsida av hytta. Kvar vinter var både inngangsdør og utedo heilt snødd ned, og turgåarar måtte vera budde på å grava i fleire timar for å koma seg inn i hytta.

Me hadde også store utfordringar med snøtilhøva ved hytta
Me hadde også store utfordringar med snøtilhøva på vinteren. Foto: Henning Gladheim 

 

Me hadde altså to store utfordringar, og det byrja å hasta med å få på plass varige løysingar. Nedste del av kledninga stod på bakken og det var 23 cm fall frå nordsida av hytta til sørsida. 

I oktober 2022, i samband med ein dugnad på hytta, gjennomførte Henning Bystøl Gladheim og Sigbjørn Bystøl målingar av søylepunkta for hytta. For tre av hjørna vart det målt 2–3 meter ned til fast masse. Hjørnet som vender mot sør-vest hadde ein ikkje langt nok utstyr til å måla djupna.

Det djupaste hjørnet var definitivt ei utfordring, men Sigbjørn likar utfordringar og hadde trua på at dei kunne gjennomføra tiltak som ville redda hytta der ho stod. Han fekk med seg Ekehaug Maskin og pensjonert sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad. Me trengte også ein snikkar og Eivind Nornes sitt namn kom på bordet. Eivind likar seg til fjells og takka fort ja til oppdraget.

Ballen byrja å rulla og Dugstad laga teikningar for eit nytt tilbygg på hovudhytta med inngangsdør på sørsida, samt nytt vedhus med utedo, som også kan nyttast som naudbu. Dugstad hjelpte også med dispensasjonssøknaden, samt få på plass byggjeløyve. 

Paul Christian Rieber, som gav oss hytta i 2018, vart orientert om planane og var på nytt svært raus med å støtta dette prosjektet med ei ramme på inntil 1,5 millionar kr. I dette låg det også ei forventning om god drenering kring steinbua, som ligg attmed Nansenbu. 

Steinbua, som Reinsdyrlaget eig, ligg rett attmed hytta.
Steinbua, som Reinsdyrlaget eig, ligg rett attmed hytta. Foto: Åsta Birkeland

 

Planane vart vedteke på årsmøtet til Voss Utferdslag i februar 2023, og 15. juni 2023 drog Jann Halle Strømmen frå Ekehaug Maskin, Sigbjørn Bystøl, Henning Bystøl Gladheim, Torfinn Bystøl Gladheim (7 år) og Bjørg Tøn Bystøl til fjells. Dei ville starta med den mest utfordrande sida. Dersom dei kom ned på fast grunn på den sida, ville prosjektet gå som planlagd. Gjett om me var spente på den fyrste rapporten frå Nansenbu!

Det var feststemning på Voss Utferdslag sitt kontor då me fekk meldinga om at dette ville gå.

 

Dei fann fast grunn kring 3,2 meter på den mest utfordrande sida. Foto: Margrethe Alm
Dei fann fast grunn kring 3,2 meter på den mest utfordrande sida. Foto: Margrethe Alm 

 

Nokre var der i nesten fire veker og nokre i tre. Det vart lange arbeidsdagar i krevjande forhold. Heldigvis hadde Bjørg stålkontroll på maten og karane la seg mette og nøgde kvar einaste kveld. I tillegg til graving, fundamentering på fast grunn og heving/oppretting av hytta fekk dei på plass ei ny flott steinbru over groa, samt laga verdas finaste badekulp. 

Ny naudbu og steinbru over groa. Foto: Åsta Birkeland
Ny naudbu og steinbru over groa. Foto: Åsta Birkeland

 

I starten av juli kom Eivind Nornes og sonen Eirik Brekke Nornes opp. Ein god arbeidsgjeng vart bytt ut med ein ny kremduo. For alle som hugsar korleis juli var her på Vestlandet, kan me konkludera med at forholda ikkje vart lettare for desse arbeidskarane. I fire veker jobba dei lange dagar med litt fisking innimellom og 2. august var dei ferdige med arbeidet. 

I etterkant har det vore diverse dugnadar på hytta. Det er mellom anna lagt steinheller rundt hovudhytta og naudbua, og hyttestyret på Nansenbu har laga knaggar og benk i gangen. No treng du ikkje lenger gå rett inn på kjøkkenet, men kan hengja frå deg både sekk og ytterkle i den funksjonelle gangen. 

God morgon!
God morgon! 

 

Me vonar mange har lyst til å ta turen til Nansenbu i åra frametter – ho er klar for besøk frå dykk. 

Velkomen til fjells!

Me vil takka fylgjande: 

Finansiering
Pelichan AS ved Paul Christian Rieber 

Fundamenteringsarbeid
-Sigbjørn Bystøl
- Henning Bystøl Gladheim 
- Torfinn Bystøl Gladheim (7 år)

Kokk
- Bjørg Tøn Bystøl

Arkitekt
Sigbjørn Dugstad 

Ekehaug Maskin (gravearbeid)
- Jann Halle Strømmen
- Øyvind Dyrdal

Snikkarar
- Eivind Nornes
- Eirik Brekke Nornes

Koordinering av helikoptertransport
- Voss Energi: Yngve Tranøy 


Stor takk også til heile hyttestyret på Nansenbu 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag