På sundag vart turen Upsete til Kaldavasshytta kvista.
Publisert: 17. mars 2026 Skrevet av:
Sveinung Klyve
Turreferat
Foto: Sveinung Klyve
Kvistinga vart utført av 7 personar som bar på ryggen dei 200 kvistane som skal til på dei 6,5 kilometerane opp til hytta. Det vert sett ned kvist i bakken kvar 40 meter. Kvisten startar ovanfor øverste hytta på Upsete.
Dette er ei av to ruter på Vestlandet som vert merka utan bruk av snøskuter. Den andre er Lid til Høgabu i Bergsdalen.
Veret på Upsete var denne dagen fint i starten med sol, men gjekk utover dagen over til tett snøfokk og stiv kuling i kasta.