Hei, alle skiglade ungdom! No kan du bli med på kameratredning skredkurs i februar! Er du DNT-medlem (13-25 år) er kurset heilt gratis.
Publisert: 05. januar 2024
Nyheter
Foto:
Dette kurset gjev deg trening i å bruka skredutstyr til søk, utgraving og kameratredning. Me øvar på skredsituasjonar som krev organisering, presis lokalisering og effektiv utgraving frå snømassane. Litt grunnleggande fyrstehjelp blir ôg gjennomgått.
Prisar: - Gratis for alle DNT-medlemer (13 - 25 år) - For ikkje-medlem kostar kurset 400 kroner. - Merk at heiskort/gondol må kvar deltakar dekkja sjølve.