Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Flotte turar i Lom!

Det var skikkeleg ruskever ved Leirvassbu, men heldigvis har me turleiarar som planlegg godt! Når det vart stang ut for plan A, B og C, vart det stang inn for plan D!

Publisert: 27. august 2024
Turreferat
Lom
Foto: Bodil Atterås og Jannicke S. Johansson

Det var meldt store mengder nedbør og kuldegrader på Leirvassbu denne helga, og toppane låg godt gøymt i tåka då me køyrde inn Leirdalen til hytta. Og slik var meldingane for heile helga.

Heldigvis var meldingane for Lom, 45 km unna, heilt annleis. Valet var enkelt, me reiste til Lom! På laurdag gjekk me på Eggjapiken (1524 moh), og på sundag gjekk turen til Leshøe (1216 moh). To flotte toppar på kvar si side av Lom!

Både vêr og utsikt var upåklageleg begge dagar, og me gjekk fleire høgdemeter i Lom enn vi ville ha gjort på turane våre rundt Leirvassbu. Dette vart ei flott og kjekk helg!

Stor takk til alle deltakarane og ikkje minst til turleiarane våre Bodil Atterås og Kjersti Vik! 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag