Helaften med "Fotobonden" Jostein Hellevik
Torsdag 22. januar får me besøk av sjølvaste Jostein Hellevik, også kjend som "Fotobonden" frå NRK- serien med same namn.
Skrevet av: Sofie Hagland Børseth
Dette blir ein inspirerande kveld der Jostein deler sine fantastiske naturbilete, historier frå opp- og nedturar som bonde og fotograf – og ikkje minst lidenskapen for norsk natur. Dette blir ei unik oppleving med varme og humor som garantert vil engasjera. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Tidspunkt:
Torsdag 22. januar kl. 19 - 21 (innslepp frå kl. 18:30).
Lokasjon:
Kultursalen i Voss kulturhus.
Pris:
Medlem: 200 kr
Ikkje-medlem: 375 kr
Billetter:
Bestill billetter her (på Voss kulturhus sine nettsider).
Medlemskap i Voss Utferdslag:
Visste du at om du kjøper medlemskap no får du ut 2025 og heile 2026 med på kjøpet?
Bli medlem her.
Se også