Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Fyrstehjelpskurs på Rosethytta

Sjukepleiar og ambulansearbeidar, Jakob Årman, haldt i helga eit NF Grunnkurs i fyrstehjelp på Rosethytta for 4 deltakarar og ein praktikant.

Publisert: 15. september 2025
Skrevet av: Sofie Hagland Børseth
Turreferat
NF grunnkurs førstehjelp på Rosethytta 12-14 sept. 2025.
Foto: Jakob Årman

Fredags ettermiddag gjekk gjengen den omlag 1,5 km lange turen opp til Rosethytta. På kveldinga blei det tid til ein intro og gjennomgang av ulike element i fyrstehjelp, varsling og enkel turplanlegging.

Laurdagen blei det både teori og praktisk trening med diskusjon og improvisasjon, etterfulgt av felles tacomiddag. 

Etter hyttevask sundagsmorgon, fekk dei skvisa inn litt meir case-trening og evaluering.

Kurshaldar rapporterar at sjølv om det var ein liten gjeng hadde dei eit stort engasjement! Turfølget blei ein sammensveisa gjeng i løpet av hytteturen, og seier at Rosethytta var ein perfekt plass å halda kurs :) 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag