Føremelding til hyttene våre
Snart påske og det er mange som lurar på om det er mogleg å gå på ski til hyttene våre. Her får du ein liten rapport, slik at det kanskje vert litt lettare å planleggja turen!

1. Kaldavasshytta
Vinterruta frå Upsete til Kaldavasshytta er kvista og her kan du gå på ski frå togstasjonen på Upsete.
2. Torfinnsheim og Nansenbu
NB! Grunna lite snjo er ikkje ruta over Gråsida kvista i år.
Ved parkeringa på Hodnaberg er det best å gå på beina på sommarruta opp lia. Rett etter sherpatrappene (ein knapp km på beina) kan du ta skia fatt og gå vidare innover til Torfinnsheim. Merk at det er stadvis lite snjo og du må belaga deg på å enten labba over litt lyng eller ta på og av skia
Frå Torfinnsheim kan du gå innover til Nansenbu. Merk at også her er det stadvis lite snjo og du må belaga deg på å ta på og av skia undervegs.
NB! Det er ikkje trygt å gå over Torfinnsvatnet.
3. Grindaflethytta
Grunna lite snjo er ikkje ruta frå Fyre til Ljosanddalen kvista. Den beste ruta til Grindaflethytta er frå Ljosandbotn. Her kan ein gå på ski stort sett heile vegen til Grindaflethytta, men ver obs på bekker og elver.
Frå Fyre må ein gå til fots i om lag tre kilometer før ein kan ta skia fatt.
4. Tvinnestølen og Volahytta
Merk at her er det heller ikkje kvista ruter. Er du trygg på navigering kan du gå til Lønahorgi (det er lov å "juksa" og ta heisen til toppen av Horgaletten), og så vidare innover til Tvinnestølen og/eller Volahytta.
Om du vel å fylgja sommarruta frå Afdal må du gå på beina eit godt stykke før du kan ta skia fatt.
5. Torvedalshytta
Meir informasjon kjem!
Se også

