Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Flott helgetur i Jotunheimen

Siste helga i april gjekk turen til Fondsbu i Jotunheimen!

Publisert: 04. mai 2026
Skrevet av: Bodil Atterås
Turreferat
Helgetur i Jotunheimen
Foto: Kjersti Vik og Karin Vik

Me skulle på Uranostind, men vêret spelte ikkje heilt på lag denne helga. Likevel vart det flotte skiturar. Den fyrste dagen gjekk me rundt Gravafjellet, ein tur på om lag 16 km. Me var alle godt nøgde med denne turen, og etterpå vart det kos i solveggen på Fondsbu. 

På sundagen la me om den opphavelege turen sidan me no kunne sjå toppane rundt oss. Me starta på ruta til Uranostind, men etter om lag 7 km svingte me av og gjekk opp på Rustegge. Nedkøyringa frå Rustegge vart prikken over i-en denne dagen. 

Det var kjekt å vera på Fondsbu, god mat og god stemning. Me legg gjerne turen innom her ein annan gong også. Takk for fine dagar og godt samvær! 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag