I juni markerer me mangfald, fellesskap og inkludering.
Publisert: 11. juni 2026
Nyheter
Foto:
Tysdag 23.juni kl.17 vert det prideparade på Voss. Det er oppmøte på torget og me går saman til festivalteltet til Ekstremsportveko. Me håpar dette vert ei fargerik feiring og at mange vil delta i årets parade.
I år er det ungdomsavdelinga, kultur og fritid som er hovudarrangør for paraden og dei oppmodar frivillige lag, næringsliv, festivalar og arbeidsplassar til å koma saman. Her er det plass til alle!