Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Bretur til Jotunheimen

Årets Jotunheimtur gjekk til Leirvassbu som i fjor!

Publisert: 02. september 2025
Skrevet av: Bente Søfteland og Kjersti Vik
Nyhet
Jotunheimtur 28-21 august 2025. 
Storebjørn, Veslebjørn og Stetinden.
Foto: Roy Ove Nilssen

I år spela veret  betre på lag, og me kunne gjennomføra turane i nærområdet som planlagd.

Laurdag fekk me ein fantastisk bretur til Storebjørn, 2222 m.o.h., og Veslebjørn, 2151 m.o.h. Fjellfører Dawa fra Nepal fekk alle deltakarane trygt til topps. For nokre var dette fyrste gong på bre. For alle var det spanande med bresprekker og blåis. Toppstøtet mot Storebjørn var spesielt bratt, og ekstra sikring måtte til. Til toppen av Veslebjørn vart det klyving i ur. Vi var på sporet i dryge 10 timar, så det var godt å komma i hus, til god middag og noko leskande i glaset.

Sundag var planen Tverrbottentindane, men grunna verforholda, bestemte me oss for ein kortare tur, til Stetinden, 2020 m.o.h. Sterk vind og vekslande sikt i høgda, gjorde at me snudde på topp 1985 m.o.h. Vi fekk herifrå fine glimt mot laurdagens trasé.

Deltakarane og turleiarane var særs nøgde med helga.

Stor takk til turleiarane Bodil Atterås, Kjersti Vik, Bente Søfteland

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag