Bildekonkurranse i sommar
I år ynskjer me å få inn flotte bilete de sit på der heime - difor køyrer me i gang fotokonkurransar i juli, august og september!

Me er på jakt etter bilete som er teke i Vossaregionen/ Vossafjella året rundt innan kategoriane:
- Familietur
- Hytteliv
- Aktivitetar i det fri
Premiering kvar månad
I starten av august, september og oktober kjem ein heldig vinnar til å stikka av med Sveinung Klyve si bok “Kremturar i Vossafjella”, samt ei gåve frå Voss Sparebank.
Hovudpremie
I oktober kårar me ein hovudvinnar i kvar kategori. Premien er ei privat overnatting på ei av Haugesund Turistforening sine fantastiske Flokehytter (inntil fem personar). Overnattinga gjeld i 2026.
Fotograf: Marius Dalseng
NB! Det er ikkje slik at ein månadsvinnar stillar sterkare enn alle andre bidrag til hovudkonkurransen.
Alle vinnarane sine bilete vert publisert på Voss Utferdslag sine sosiale medier (Facebook og Instagram), samt på nettsida vår. Andre utvalde bidrag kan også bli delt i desse kanalane.
Reglar:
- Maks ti bidrag per person gjennom heile konkurranseperioden frå juni til august.
- Du kan berre senda inn bilete som du sjølv har teke.
- Bidraget må vera merka med:
- Fullt namn
- Kvar bilete er teke. (Bilete må være teke i Vossaregionen, og for bidrag til kategorien “hytteliv” må det vera Voss Utferdslag sine hytter.) - Om personar er gjennkjennbare på bilete er ditt ansvar å få deira samtykke til at bileta vert offentleggjort. For personar under 15 år må foresatte samtykkje på borna sine vegne.
- Ved å senda inn et bilete til konkurransen gjev du samtykke til at Voss Utferdslag og hovudsamarbeidspartnar Voss Sparebank kan bruka det i trykksaker og digitale kanaler, og at fotografiet vert lagra i DNT og Voss Sparebank sine biletarkiv.
- Namnet ditt blir lagra med bilete for å syta for at du blir kreditert dersom bilete vert nytta.
Korleis sende inn bidrag:
Legg ved bilete som ei JPG fil (med høg oppløysning) i ein epost til vossutferdslag@gmail.com. Skriv "Fotokonkurranse" i emne-feltet i mailen.
Fotograf: Oda Monsen
Se også

