Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Avslutningsfest Bucketlist

Forrige torsdag arrangerte Dnt Ung avslutningsfest for årets bucketlist🤩🥳

Publisert: 11. september 2025
Skrevet av: Sofie Hagland Børseth
Nyheter
Avslutningsfest bucketlist 2025
Foto: Tuva Aasheim Solstad

Foajeen på Gamle kinoen var booka for anledninga, og me var så heldige at fleire frivillige fra utferdslaget hadde baka kaker til ungdomane. 

Kvelden starta med leikar ute på Tinghusplassen. Det blei god stemning med fleire rundar av både "rødt lys" og "sheriffen". 

Etterpå blei det kakespising og litt mingling, før Bucketlistkomiteen viste fram nokon høgdepunkt frå bucketlistperioden (frå juni til august). 

Deretter blei topp tre av dei over 120 deltakarane som var med i år premiert med gjeve gåvekort. Det blei også delt ut mange fine premiar frå kjekke sponsorar til alle som deltok på arrangementet i form av loddtrekning. Premiane var alt frå blant anna tandemhopp og heiskort, til spa og middag.  

På tampen blei det ein liten takketale til styremedlemmer som no har gjeve seg.

Dnt Ung er på utkikk etter fleire styremedlem og frivillige. Dei inviterar derfor til ope styremøte med gratis pizza den 18. September kl. 19-21 i Bonangergata 6. Meir info om dette kan du lesa her. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag