Avslutningsfest Bucketlist
Etter tre månadar med nykomaren "Bucketlist" var det endeleg klart for avslutningsfest i gamlekinoen!
284 ungdom i alderen 13 - 25 år har teke del i konseptet og 6209 oppgåver er gjennomført gjennom sumaren. Ungdomane har blant anna sykla til Nesheimstunet, gått til Lønahorgi, imitert Dag Otto Lauritzen, teke med nokon på tur, lært seg grunnleggjande knutar, plukka brunsnegl, bada, sove ute og mykje mykje meir!
Onsdag 25. september vart det heile avslutta med kakefest og utdeling av flotte premiar, der om lag 70 ungdom vart med på moroa.
Takk til styret i DNT Ung Voss
Elion Fjose, Erlend Rong Næss, Tuva Aasheim Solstad, Anna Kaspara Rinaldo, Mikkel Lønning, Olav Akerlie Mandelid, Ingrid Enes - Slettebakken og Anna Framnes - Thoresen. Alle i Voss Utferdslag er so stolte over kva de har fått til!
Me er også takksame for nydeleg samarbeid med Ungdomsklubben Vangsgryto! Bøtta, som har stått ved aktivitetsparken i sommar, vart jammen fin
Heilt til slutt vil me takka Sparebanken Vest for prosjektmidlane me har fått for å realisera dette konseptet.
Me gler oss til åra frametter!