Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Aktivitetsdag i Granvin

På måndag samla rundt 200 store og små seg for ein minnerik aktivitetsdag i Granvin fjordpark.

Publisert: 14. november 2025
Skrevet av: Sofie Hagland Børseth
Turreferat
Foto:

Den 10 november var det planleggingsdag for alle skulane og barnehagane i Voss Herad. Borna sitt Turlag ynskja derfor å repetera suksessen frå forrige aktivitetsdag på Bolstad i vår samans med Voss Røde Kors, Voss Frivilligsentral og Skattekammeret. 

Det blei ein super dag mykje takka vere Granvin Båtlag som stilte med heile 7 båtar med mannskap. Ungane fekk moglegheita til å kjøyra ut i fjorden og trekkja garn. På land blei mykje spennande inspisert og sløyd på brygga. Torsken blei steikt på grillen mellom pylser og popkorn. 

Granvin helselag sto også på å sørga for god organisering. Når ungane ikkje var opptatt med fisking, var det kjekt å leika på den flotte leikeplassen i fjordparken, men og i strandkanten og volleyballbana kor det var mange kjekke leikar å velga mellom i regi av Skattekammeret. 

Veret spelte på lag og det var god stemning heile dagen. Takk for oss, og takk for samarbeidet!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag