Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Aktivitetsdag for seniorar

Forrige torsdag spelte været på lag, og ein god gjeng fikk leika seg i solskinet på Prestegardslandet.

Publisert: 18. juni 2025
Skrevet av: Sofie Hagland Børseth
Nyhet
Aktivitetsparken for seniorar på Prestegardslandet
Foto: Sofie Hagland

Fyrst vart det oppvarming på utescena med fysioterapeut Gunn Marit Bergstrøm, før ein oppvisning fra Taekwon-Do gruppa 60+. Etterkvart vart det også rom for å slenga seg med å læra eit par triks. 

Røde Kors stilte med vaflar og bålkaffi, og utferdslaget satt i gang ein natursti med fysiske og teorietiske oppgåver. 

Skattekammeret arrangerte boccia på den nye banen, samt kriket og kubb. Nåken få vågde seg til og med ut i vatnet på SUP-brett!

Til slutt vart det ein innføyring i appartene i aktivitetsparken. Med andre ord blei det ein leken og variert dag :) 

Arrangementet var eit samarbeid mellom Voss Frivilligsentral, Voss Herad, Røde Kors, Kirkens Bymisjon og Voss Utferdslag. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag