300 000 kr til kompetanseløft frå Sparebankstiftelsen SR-Bank
Me er svært takksame for den rause gåva frå Sparebankstiftelsen SR-Bank! Prosjektmidlane skal nyttast til å halda fram det gode arbeidet med å utdanna nye turleiarar, samt heva kompetansen til turleiarane våre innan fyrstehjelp og skred.
Med støtta frå Sparebankstiftelsen SR-Bank får Voss Utferdslag handlingsrom til å halda fram med å heva kompetansen i organisasjonen.
Dette er måla for 2025 og 2026:
- Kursa så mange av våre frivillige turleiarar som mogleg i NF (Norsk Fjellsportforum) fyrstehjelpskurs
- Kursa vinterturleiarane våre i NF grunnkurs skred
- Arrangera grunnleggjande turleiarkurs og sommarturleiarkurs for nye turleiarar.
- Samarbeida med Raude Kors om beredskapsøvingar
- Arrangera faste turleiarkveldar med fagleg påfyll, opplæring, erfaringsutveksling med meir.
Strengare krav til tryggleik
Bakgrunnen for kompetanseløftet er eit stadig større fokus på risiko og krav til tryggleik i samfunnet generelt, som òg friluftslivet er ein del av. Fellesturane i Voss Utferdslag er eit unikt tilbod basert på frivillige turleiarar som tek deltakarar med på tur.
– Me skal halda fram med å gje deltakarane gode opplevingar i naturen. Samstundes har tryggleiks- og kompetansekrav auka, noko me tek på alvor og jobbar aktivt med, seier Margrethe Alm, dagleg leiar i Voss Utferdslag.
- I tillegg har me eit stort behov for å få inn nye krefter i laget og vil i åra frametter også ha stort fokus på å utdanna fleire turleiarar. Er du nyfiken på å ta turleiarkurs med oss - oppmodar me deg å ta kontakt. Me står klare med opne armar og vil gjerne ha deg med på laget!
Med midlar frå Sparebankstiftelsen blir det mogelg å gjera dette ekstraordinære løftet som no er naudsynt.