Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Triveleg skitur Juvikåsen – Liarunden 18. mars

Denne turen var eigentleg planlagt som ein runde i Aurdalsåsen med Bjørgovarden som eitt av turmåla. Men vinteren har vore svært snøfattig, og det har ikkje vorte køyrt skiløype dit. Difor flytta vi turen med start på Juvikåsen der det i heile vinter har vore god skitrase.

Publisert: 23. mars 2025
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Matpause ved Vingaråsen Foto: Bjørn Vegar Johnsen

Dei to siste nettene før turen var vindfulle, så vi frykta både for påmeldinga og for om vi ville greia å gjennomføra turen.

Tysdag 18. mars møtte likevel to påmelde deltakarar, to turleiarar og ein hund som avtala på parkeringsplassen på Juvikåsen. Vi bestemte oss for å gå mot Liaåsen ovom stølsgrenda Lie i håp om at vinden ville løya og så følgja skiløypa sørover.

Lang vindfull myr med Mellane i bakgrunnen. Foto: Bjørn Vegar Johnsen

Vi hadde ikkje gått lange biten før vinden stilna og ikkje tok seg opp att før langt seinare på turen. På grunn av vinden og mildver tidlegare, var skispora borte mange plassar. På fleire myrar var det kjøvd myke, men på dei verste plassane var løypa lagt utanom isen, så det var lett å ta seg fram.

Ved ei av dei kjøvde myran Foto: Bjørn Vegar Johnsen

Frå Liaåsen og ned til Vingaråsen går løypa slakt utfor, og med god gli gjekk det lett å ta seg fram. Her nede fann vi ly bak ei gran og sette oss på ein av dei få store steinane i området. Etter ein god matpause ok vi ned den relativt nye traseen og kom ned på dei lange  myrane sør og vest for Hovsjøen.  Her tok vinden seg opp og vi fekk den rett mot oss. Etter ein kort pause ved kloppa over Dalsåne gjekk vi tilbake til bilane med ein liten informasjonsstopp øvst på Juvike.

Turen var på ca. 14 km, og med sol det meste av turen og mindre vind enn frykta blei dette ein triveleg tur.

Takk til deltakarane for hyggeleg lag!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem