Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

I blåbærlyng til Raudhorn 12. august – Kremtopp 2026

Den markerte toppen i kanten på Slettefjell er med i årets Kremtoppjakt. Vi vart likevel berre tre (og ein hund) med på ettermiddagsturen som gjekk i overskya vêr, men utan vind! Det siste heilt uvanleg i ein elles veldig vindfull sommar.

Publisert: 16. august 2026
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
På toppen av Raudhorn (1143 moh), mot Skredbergo, Lykkja og Bitihorn.
På toppen av Raudhorn (1143 moh), mot Skredbergo, Lykkja og Bitihorn. Foto: Tor Harald Skogheim

Turstart var frå Kjøsaraudalen, like vest for alpinbakkane i Raudalen, frå eit skilt i vegkanten. Det er god stig opp gjennom bjørkeskogen, på kanten mot juvet med elva Gipa. Tett skog gjorde at vi ikkje såg elva, og den var heller ikkje lett å høyre med den minimale vassføringa som har vore alle stader i sommar.

Men heile vegen oppover stod blåbæra tett i tett, og vi helsa så vidt på ei som dreiv med plukking. Siste stykket før skoggrensa var det ganske bratt, men så opna utsynet seg i alle retningar, mot fjell, vatn og bygder. Flott utsyn var det også i det flate partiet vidare nordvestover, framleis på god stig. 

Etter kvart var det litt raudmerking og små vardar der stigen var noko meir utydeleg opp mot søraustryggen frå fjellet. På slutten svinga stigen inn på sørsida, og snart rett opp mot toppen på 1143 moh. Noko laus stein og ganske bratt eit kort stykke, men ikkje vanskeleg.

Siste stykket mot toppen svingar stigen seg bortover litt på sørsida, og så bratt rett opp. Foto Tor Harald Skogheim.

Utsynet herifrå er til vanleg ekstra flott, ikkje minst rett inn i Jotunheimen, men no kom skyer og gråvêr sigande mot oss frå nordvest. Opphaldet på toppen vart difor kort, men nede att ved foten av fjellet tok vi oss likevel tid til ein liten matpause.

Turen tilbake gjekk langs same rute, og like greit. Ned att gjennom den tette bjørkeskogen vart det halvmørkt, sjølv om klokka enno ikkje var åtte. Det var tydeleg at den lyse årstida er på hell – men heldigvis er det lenge enno muleg med fine turar, tidlegare på dagen!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem