Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Overnattingstur til Tomashelleren 4.-5. juli med Barnas Turlag Vang

Trass i usikre skremselsmeldingar om både regn, tåke, minusgrader og vind møtte 11 vaksne, ein firbeint og 13 ungar i alderen 5–11 år opp ved Leinekvenadn laurdag morgon. Målet var ei overnatting på Tomashelleren, ei perle av ei DNT-hytte som ligg høgt til fjells mellom Vangsmjøse og Bygdin.

Publisert: 22. juli 2026
Skrevet av: Tor Martin Iversen
Turreferat
Tomashelleren
Tomashelleren Foto: Tor Martin Iversen

Etter å ha manøvrert bilane inn i det snedige bilkveet som stølseigarane har laga for å verne billakken mot saltslikkjande geiter, skravla vi oss oppover lia. Når ungar går i flokk, leikar, oppdagar, undrar seg og pratar om biller og alt mogleg anna dei finn langs stigen, er det nesten ingen grenser for kor langt dei kan gå.

Lunsjen åt vi i skråninga før vi kryssa Geitsåne, med flott utsyn over Sanddalen. Det gjorde godt med litt energipåfyll, og då ungane var ferdige med å hoppe og sprette rundt, var batteria ladde opp att og flokken klar for å halde fram over fjellet. Nokre av dei vaksne kjende til eit gamalt fangstanlegg med bogasteller rett før Høgegge. Det var kjekt å finne fram til, og spennande å leike reinjeger mellom dei gamle murane.

Vel framme ved Tomashelleren venta ein herleg felles middag med spagetti à la Solemsli, før kvelden gjekk med til kortspel, fisking og leik. Om det var steinkastinga og plaskinga som skremde fisken, eller om tolmodet tok slutt litt for tidleg, skal vere usagt – men det vart ingen fisk til kveldsmat.

Sundag vakna vi til sol og flott utsyn mot Torfinnstindane i nord. Etter felles frukost og utvask sette vi kursen mot Sanddalen att. Dersom turen opp gjekk overraskande lett, gjekk returen endå lettare. Vi fekk rett nok både snøbyer og kald vind undervegs, men fann ein lun plass i sola til matpause, og stemninga var på topp.

Alt i alt fekk vi ein flott tur saman med kjekke folk og spreke ungar. Tomashelleren og området rundt gav meirsmak. Tusen takk for at slike perler er tilgjengelege for oss alle!

Turledere: Tor Martin Iversen og Stine Solemsli - med familier :)

Foto: Tor Martin Iversen

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem