Sykkeltur i solskinn etter ein dag med snø
Tysdag 12. mai arrangerte seniorgruppa den tradisjonelle sykkelturen mellom Fagernes og Bjørgo. Turen starta på Valdres folkemuseum. 10 seniorar var med. 6 møtte på museet, dei andre etter kvart. På Leira var vi fulltallige.
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Trass i kraftig snøver dagen før fekk vi ein fin tur med sol heile vegen. Det var likevel litt kaldt, men vi hadde kledd oss godt. På deler av turen låg det snø langs vegen, men vegbana var snøfri heilt til Bjørgo.
I Aurdal var vi invitert heim til Ivar Andreas Vaa på Sofienlund. Her var vi ein times tid. Vaa fortalde om eigedommen sin. Så sat vi ute i sola og nytte medbrakt niste og drikke. Vaa arbeider no som kunstmålar, og vi avslutta besøket hos han med å sjå på mange måleri og akvarellar.
Så sykla vi vidare. 3 av deltakarane snudde i Aurdal på grunn av ulike gjeremål. Resten av gruppa blei med fram til Bjørgo. Denne gongen var det ikkje noko spesielt tema for turen slik som på tidlegare turar.
Returen gjekk raskt, berre med nokre få oppsamlingsstopp. Heile turen var 39 km lang. Vi var borte i ca. 4 timar.
Tusen takk til Ivar Andreas Vaal for at han tok så gjestfritt mot oss og informerte om eigedommen sin og kunsten han arbeider med. Også takk til turdeltakarane for ein triveleg tur som vi gjennomførte utan uhell av noko slag.
Se også