Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Hyggeleg ski- og båltur

Seniorgruppa bestemte seg for å flytta den planlagde ski- og bålturen til første onsdagen etter påske. Påskeveret hadde veksla mellom sol, hard vind og nysnø. Vi var difor spente på korleis veret ville bli no. Vi var heldige. På turdagen skein sola gjennom ein tynn dis.

Publisert: 12. april 2026
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Båtskardet med Bitihorn bak. Foto: Bjørn Vegar Johansen.
Smørkøll med Bitihorn bak Foto: Bjørn Vegar Johnsen

3 personar og ein hund møtte opp på Garli nord for Beitostølen. Løypene vart køyrt opp dagen før. Kulde om natta hadde gjort skispora glatte, så det var best å aka mellom eller ved sida av spora i utforbakkane. 

Vi følgde løypa blå 7 på nedsida av fv 51 fram til stølslaget Smørkøll og der frå i fin utforkøyring forbi løypekrysset mot Hødnstølane og i flatt lende fram til varmebua Grønolsbue.  Her i trygg avstand frå bua hadde vi laga bålplass og ein god sitjebenk i snøen dagen før. Med god og tørr ved heimanfrå tok det ikkje lang tid før bålet brann lystig. Sidan bålet var plassert ved sida av sitjeplassen vår, blei vi ikkje sjenerte av bålrøyken anna enn når vi stod nær ved og grilla pølser.

Grønolsbue. Foto: Bjørn Vegar Johnsen

Veret var framleis fint og varmt og ikkje ein vindpust. V i sat her i over ein time og kosa oss. Det er spesielt triveleg med bål når vi er ute på tur. Det er ikkje ofte vi har så lange pausar når vi arrangerer «vanlege» skiturar.

Til slutt braut vi opp. Bålet hadde brent heit ned. Vi tok med oss det meste av oska og vedrestane og fylte gropa med snø slik at det skulle visa minst mogeleg att etter bålet vårt.

I staden for å gå same vegen tilbake følgde vi skiløypa mot Beitostølen til nærmaste løypekryss og der frå opp mot Bitibua før vi gjekk bort til bilane på parkeringsplassen.

Vi var vel nøgde med den 7,5 km lange turen som vi gjennomførte utan uhell av noko slag.

Dette var den siste planlagde skituren til Seniorgruppa denne vinteren.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem