Skredkurs på Bygdin, 14.-15.mars
Helga 14.-15. mars vart det arrangert alpint skredkurs på Bygdin. Det var 6 aktive, ivrige og læreneme deltakarar som var med.
Skrevet av: Guri Oline Iversen
Laurdagen starta vi med 3 timars teoriøkt inne, før vi gjekk ut for å praktisere teorien med måling av helning på sider, observasjon av eventuelle fareteikn og kameratredning.
Søndagen var det gjennomgang av varsom appen og skredkortet, før vi trakka i retning Bitihorn. Her la vi vekt på vegval og korleis legge spor. På turen observerte vi to skred som hadde gått i området, då nordøst og nordvest vendt og fekk ein dialog kring skredvarselet, evt etterskred. På veg mot toppen vart det ein god lunsjpause. Like under toppen snudde vi og fekk ei flott nedkjøring med god styresnø og glade mennesker.

Turen vart avslutta med ei kort innføring i snøprofil og korleis gjere ein standardisert ECT test. Tusen takk for ei fin og lærerikuu helg. God tur når den tid kjem! Gå trygt!
Se også