Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Knausane rundt i strålande ver

Måndag 9. mars skulle skituren til seniorgruppa gå til Saur i sørre delen av Øystre Slidre. Men usikre ver- og føremeldingar gjorde at vi la turen til området ved Garli på Beitostølen i staden for.

Publisert: 12. mars 2026
Skrevet av: Bjørn Vegard Johnsen
Turreferat
Utsikt nordover Foto: Bjørn Vegard Johnsen

Måndag morgon låg skodda tjukk i heile dalføret. Men på telefonen kunne ein løypekøyrar fortelja om nykøyrde skiløyper og strålande ver på Garli. Vi turleiarar bestemte oss difor å leggja turen rundt Knausane trass at vi hadde ein tur der tidlegare i vinter. Vi bestemte oss også for å gjera turen 9. mars litt lengre som ei erstatning for den noko lengre turen til Saur.

Vi var 5 damer, ein mann og 1 hund på turen. Veret var strålande, nesten vindstille og løypene nykøyrde. Det var svært få andre skiløparar å sjå denne dagen, og dei vi møtte, var nok for det meste utlendingar.

Første delen av turen gjekk i nesten flatt lende før det gjekk i slake utforbakkar forbi toppen på to skiheisar, så i litt brattare bakkar ned til startpunktet av den sørre skiheisen. Snart bar det i litt bratte og flate parti oppover på baksida av Knausane. Halvveges oppe hadde nokon laga ein lun sitjeplass som vi overtok. Vi hadde ein lang og god rast med niste, varm drikke og hyggeleg turprat.

Matpause, foto Linda Wickstrøm

I den nyoppkøyrde løypa gjekk det i passeleg fart ned bakkane frå toppen av traseen.

Nede på nordsida av Knausane følgde vi ein annan trase sørover langs foten av knauserekkja ned til skiheis nr. 2 som vi hadde passert tidlegare på turen. Her frå gjekk vi same løypa som vi starta turen på tilbake til Garli. Vi hadde mange korte pausar under vegs der vi hjelptest åt med å finna namn på fjell vi såg under vegs.

Vi avlutta turen med ei kort vurdering av turen og opplegget. Alle let vel og var glade for at vi hadde flytta turen i staden for å avlysa den.

Vi gjennomførte den 12 km lange turen utan uhell av noko slag.

Takk til turdeltakarane for ein triveleg tur.

Kort pause, foto Ester Christensen

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem