Skituren rundt Knausane 19. februar
Triveleg, men litt kald tur rundt Knausane. Etter mange dagar med streng kulde gjennomførte seniorgruppa skituren rundt Knausane på Beitostølen utan å måtte utsetja den.
Skrevet av: Bjørn Vegard Johnsen
Turen gjekk frå parkeringsplassen på Garli og følgde gode oppkøyrde skispor sørover forbi skitrekka og rundt Knausane i løype Blå 1 tilbake til Garli, ein runde på knapt 10 km. Dette var midt i vinterferien til Oslo. Vi starta turen kl. 11. Då var det ikkje mange bilar på parkeringsplassen. Veret var slik det var varsla, temperaturen var minus 6 grader, men den vesle nordavinden som var då, gjorde det svært surt. Dei 3 deltakarane og ein hund fekk vinden i ryggen første delen av runden. Men vidare kom den kalde trekken i mot att det meste av turen. Vi hadde vanskeleg for å finna ein lun plass der vi kunne rasta. Men eit hyggeleg dansk ektepar let oss dela plass med seg bak ein stor stein på øvste toppen av ruta. Her hadde vi ein god rast sjølv om det var sur trekk der også.
Så bar det vidare nedover bakkane. Framme der løypa vår møtte hovudløypa mot Garli, var det mange småbarnsfamiliar i sporet. Triveleg for oss pensjonistar å sjå. Nede ved gapahuken ca. 1 km før mål var det lunt og stille. Men då var vi så kalde at vi valde å gå rett tilbake til parkeringsplassen som no var nesten full av bilar.
Vi hadde ein fin tur som vi anbefalar andre også å ta. Skiføret var svært godt, og på runden vår møtte vi ikkje så mange andre skiløparar før på den aller siste biten.
Takk for ein triveleg tur.
Se også