Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Løyntjerntinden – Kremtopp 2025

Ein solrik tur på «Kom deg ut dagen» 7. september, der vi også fekk bidra til eit spanande forskingsprosjekt.

Publisert: 13. september 2025
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
På veg sørover høgdedraget mot Løyntjerntinden, bak t.v. ligg Rabalsmellen.
På veg sørover høgdedraget mot Løyntjerntinden, bak t.v. ligg Rabalsmellen. Foto: Tor Harald Skogheim

Det var gråvêr og regnskurer kvar dag heile veka før, men varselet for søndagen vart stadig betre, og dette slo til. For tåka som låg litt nedpå då vi starta frå Vangsjøen Fjellstue letta snøgt medan fylgjet på åtte rusla oppover stien mot Rabalsmellen. Rett over skoggrensa tok vi på stien som går sørover mot Rundemellen. Den går litt opp og ned over fleire høgder, Løyntjerntinden er ei av desse. Sjølve toppen er eit vidt platå som er så fjernt frå ein tind som tenkjast kan, her burde det gjerast eit namneskifte!

Siste stigninga før toppen av Løyntjerntinden. Langt bak heng skyene framleis rundt tindane vest for Valdresflye. Foto Tor harad Skogheim.

Det vart ein veldig triveleg tur og god matpause, i sol og bortimot vindstille. Einaste utfordring undervegs var ein litt bratt nedgang frå høgda nord for «tinden». Her var det hengt ut eit kraftig tau å halde i, så det gjekk greitt.

Ei interessant avveksling bidrog eit ungt par frå Bergen til. Ho jobbar med ei masteroppgåve knytt til eit større forskingsprosjekt (ISOSCAN). Målet er at analysar av prøver frå vatn (og snø) skal kunne bidra til at meteorologar i framtida får laga betre modellar for å varsle ekstremvêr som flaum. Så vi bidrog med å ta nokre vassprøvar, og la inn aktuelle data via mobilen. Spanande!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem