Elsykkeltur rundt Grønsennknippa 9. august
3 menn og to damer gjennomførte elsykkelturen rundt Grønsennknippa denne laurdagen. Turen var eigentleg planlagt til tysdagen før. Men vervarslinga var dårleg for denne dagen, og turen blei difor utsett. Det var bra, for bortsett frå til dels sjenerande vind, fekk vi periodar med sol og berre nokre få regndråpar heilt på slutten av turen.
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen

Turen var sett opp som ein rein elsykkeltur. Det lønte seg godt både på grunn av vinden, til dels bratte bakkar og laus grus og sporete vegbane.
Turen starta ved restauranten Sekskanten på Vaset. Der frå følgde vi Panoramavegen til Nøsen der vi svinga inn vegen fram til Buaråne og sykla opp til dels bratte bakkar til Jaslangen og vidare til Grønsennstølane der vi var innom Kaffistoppen der. Her kjøpte vi kvitkaker, vaflar og kaffi. Ei svært triveleg oppleving! Absolutt å anbefala!

Etter pausen sykla vi opp på høgda der hovudstigen mot Grønsennknippa startar. Her kom det nokre regndråpar, så vi skunda oss vidare for å unngå regnveret som vi såg nærma seg frå sør. Heldigvis blei det berre nokre få dråper no og då, så vi slapp å ta på oss regntøyet vi hadde med. På turen tilbake til Vaset sykla vi gjennom desse stølane: Nordre og Søre Trollhovd og Murkelie.
Vi hadde mange stopp på den 34 km lange turen, og nokre av deltakarane var lokalkjende, så vi andre fekk læra mykje om området. Vi kom tilbake til bilane etter knapt 4 timar, av dei vel 2 timar på sykkelsetet.
Takk til deltakarane for triveleg og lærerik tur!
Se også

