Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Triveleg rundtur over Fagerdalsryggen 2. august

Heimre Fagerdalshøe (1510 moh) like nord for Bygdin er ein av toppane i Kremtoppjakten i år.

Publisert: 06. august 2025
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
 I stigningen mot Synshødn er det utsyn ned mot heimre Fagerdalen og mot tindane rundt
I stigningen mot Synshødn er det utsyn ned mot heimre Fagerdalen og mot tindane rundt Foto: Tor Harald Skogheim

Vêrvarselet for søndag var veldig dårleg, så i samråd med dei påmelde vart turen flytta fram til laurdag. Det var lurt, for vi 5 som var med hadde sol det meste av dagen, og vinden var ikkje meir sjenerande enn at shorts og T-skjorte var stort sett greitt. Ei brå og kort regnskur rett før toppen tok alle med godt humør, og snart etter kunne vi pakke ned att regntøyet.

Rundturen starta med ganske tung stigning fyrste timen, til fremste toppen på Synshødn – men vidare var det mest berre kos når sikta og vêret elles var som på laurdag. Litt opp og litt ned på ryggen innover, med fantastisk utsyn til alle kantar, ikkje minst vestover fjellsjøen Bygdin og mot Falketind. Nærare ruver Torfinnstindane og andre 2000-metertoppar. 

Etter ein kort stopp på toppen held turen fram vestover og ned til T-stien som kjem frå Valdresflye, så litt sørover på denne – og til slutt gjennom heimre Fagerdalen og ned att mot Bygdin. Undervegs vart det også høve til å orientere litt om turisthistoria her i austenden av Bygdin, både om båtar og turisthytter/hotell. Dessutan om reguleringa av Bygdin frå tidleg på 1900-talet, og om vegane over Valdresflye og langs Vinstervatnet som kom midt på 1950-talet.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem