Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Solfylt kveldstur til Øverliberget 25. juni - Kremtopp 2025

Ti damer i sin beste alder vart med på turen til høgste punktet på åsen bak Moane-feltet i Øystre Slidre. Sola hadde blitt stadig varmare utover ettermiddagen, så shorts og t-skjorte var høveleg antrekk.

Publisert: 29. juni 2025
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
Triveleg kveldsstund på Øverliberget, her mot Vangsfjell bak Slidreåsen og Kvithøvd
Triveleg kveldsstund på Øverliberget, her mot Vangsfjell bak Slidreåsen og Kvithøvd Foto: Tor Harald Skogheim

Vi skulle 400 høgdemeter opp, og det er ganske bratt i starten, men i roleg tempo og på god sti gjekk det greitt. Etter eit litt flatare parti vart det ei ny bratte eit lite stykke på ein skogsveg, der utsynet bakover opna seg mot tindane i Jotunheimen.

Utsyn bakover mot tindane i Jotunheimen - foto THS

Siste delen var på god sti i jamn stigning opp skogen, og etter vel ein time var vi toppen, som er med i Kremtoppjakten i år. Der oppe venta eit utruleg vidt utsyn i klarvêret. Mot bygder, vatn og åsar, og høgder og fjell som Skaget, Kvithøvd og Bitihødn. Lengre bak mot Skogshødn i Hemsedal og fjella i Vestre Slidre og Vang – og ikkje minst mot dei høge  tindane i Jotunheimen.

Det vart difor ein lang pause der oppe, med fotografering, litt mat og drikke samt triveleg prat.

I herleg kveldssol ned att mot Øvrebygde og Moane-feltet - foto THS

Heimturen baud naturleg nok på mykje unnabakke, og siste delen tok vi ei anna rute, ned ein ganske bratt sti der vi fekk sjå litt av herjingane som stormen i november 2021 gjorde. Fleire stader låg store tre på kryss og tvers, og stien var lagt litt om. Til slutt rusla vi langs fine jorde øvst i Øvrebygde og  vidare gjennom Moane-feltet attende til bilane. Takk for triveleg tur!  

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem