Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Maristova – Lærdalsøyri, sykkeltur i 18 – 30 grader

Laurdag 14. juni gjennomførte 6 påmelde deltakarar og 2 turleiarar denne turen i strålande varmt sommarver utan uhell av noko slag. Det var andre gongen DNT Valdres arrangerte denne sykkelturen. Denne gongen kom ein av deltakarane heilt frå Alver kommune nord for Bergen.

Publisert: 18. juni 2025
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Jutlamannen nær Hønjum Foto: Mads Wangensten

Bortsett frå små etappar på E16 sykla vi for det meste på den gamle riksvegen ned til Bjørkum. Her frå måtte vi sykla på ei brei skulder langs E16 til Saltkjelen. Der frå og ned til Lærdalsøyri sykla vi for det meste på smale fylkesvegar først på venstre sida og så på høgre sida av elva. 

Det er mangt å sjå frå sykkelsetet på denne turen: vill natur og frodig kulturlandskap. Det er mangt å stoppa og studera: kulturhistorie etter arkeologiske utgravingar, gamle hus, restar etter gamle vegar og stigar, og ikkje minst Borgund stavkyrkje.

Stopp under vegs:

· Før vi reiste frå Maristova prata vi om kongevegen og ferdsel over fjellet gammal tid og om historia til Maristova.

· Første stopp var Borlaug der mannen bak den grøne revolusjonen, Norman E. Borlaug, ætta frå. Han fekk nobels fredspris i 1970.

· Neste stopp Solum sør for Steinklepp med mange morosame urskorne figurar i tunet.

· På Borgund såg vi øverste delen av Vindhellavegen og stavkyrkja.

· Endå litt lengre nede stoppa vi ved enden av Vindhella vegen og Sverrestigen før vi nådde fram til det svært godt velikehalde og namngjetne Husum hotell.

· Neste stopp var gjelet ved starten av den historiske ruta og den gamle og velhaldne husmannsplassen Galdane.

· Så stoppa vi ved oppslaga om dei arkeologiske utgravingane ved Bjørkum.

· Litt lenger nede såg vi opp på den mektige steinformasjonen Jutlamannen.

· Siste lengre stopp før vi kom ned til Lærdalsøyri var sjukehuset.

· På Øyri sykla vi gjennom sentrum og såg m.a. på dei husa som nett var råka av brann.

Sjølve sykkelturen var 52 km lang. Vi sykla i 2 timar og 45 min. Medrekna alle pausane brukte vi 4 timar og 40 min på heile turen. Vel framme åt vi middag på Villakssenteret og gjekk ein liten runde i den eldste delen av Øyri før ein  minibuss med sykkeltilhengjar køyrde oss tilbake til Maristova til  planlagt tid kl. 18.00.

Turdeltakarane sa at dei var godt nøgde med turen som også gjekk på vegar der dei fleste ikkje hadde reist tidlegare.

Takk til turdeltakarane for triveleg tur, godt samver og nyttig informasjon frå tidlegare turar dei hadde hatt i området.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem