Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Sykkeltur i sol og vind 13. mai

På den tradisjonelle 37 km lange sykkelturen på Valdresbanevegen tur / retur Fagernes – Bjørgo tysdag 13. mai fekk vi både, skyer, sol og vind. Tema for turen var utvikling av gardstuna og arkitektur etter 2. verdskrigen.

Publisert: 15. mai 2025
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Siste samling på Nordaker Foto: Bjørn Vegar Johnsen

Vi var i alt 7 påmelde deltakarar og 2 turleiarar. 6 starta frå Fagernes, og dei 3 siste møtte på Leira stasjon.

På Nordaker hadde vi første lengre stopp. Der skreiv vi oss inn i turboka til helselaget. Så blei det mange kortare og lengre stopp der turleiar fortalde om utviklinga av gardstuna frå dei gamle tuna med mange små driftsbygningar som fjøs, låve, stall, eldhus, småfehus m.m. til dei moderne uthusa der flere funksjonar er samla i eitt bygg. Etter å ha passert Aurdal konsentrerte vi oss om oppbygginga av landet etter 2. verdskrigen og husbanken si rolle og krav då. Fleire av oss hadde opplevd denne tida, og praten gjekk livleg.

Ved Bjørgo stasjon hadde vi ein god matpause før vi starta turen tilbake mot Leira og Fagernes. No merka vi at vi hadde hatt medvind på turen fram, for motvinden var svært merkbar. I Aurdal vart det ein ny lengre pause med kaffi og bollar på bakeriet der.

Etter Aurdal var det berre oppsamlingsstopp fram til Leira der fleire avslutta turen, og vi reklamerte for framtidige turar.  

Vel framme på Fagernes hadde vi gjennomført turen utan uhell av noko slag. Turdeltakarane og vi turleiarar (Bjørn Vegar og Gunnar) var godt nøgde med turen.

Takk til deltakarane for triveleg samver og utfyllande informasjon under vegs.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem