Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Triveleg fjellskitur utanom oppkøyrde skispor

Tysdag 25. mars gjennomførte seniorgruppa årets fjellskitur med to påmelde deltakarar og to turleiarar. I samråd med deltakarane starta turen på Juvikåsen i Øystre Slidre. Veret vart finare enn varsla, og vinden blei slett ikkje så ille som vi frykta. Sola kom tidleg fram og gjorde snøen blaut. Men med fjellski seig vi ikkje langt ned i snøen.

Publisert: 31. mars 2025
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
Turreferat
Over lange myrar Foto: Gunnar Modèn

Turen gjekk over slake høgder, over lange myrar og gjennom stølen Lislebufæten og enda til slutt ved utløpsosen i Hovsjøen.

Stopp på Lislebufæten - foto Bjørn Vegar Johnsen

Der var elva open langt nedover. Difor ble vi samde om å ikkje går lenger. Ved elvebredden fann vi ein lun plass der vi hadde ein lengre rast med mat, drikke og triveleg prat.

Utløpsosen frå Hovsjøen - foto Bjørn Vegar Johnsen

Turen tilbake til bilane gjekk litt lengre frå vassdraget, men gjennom Lislebufæten denne gongen også.  

Denne turen eignar seg godt som vårtur. 

Takk til deltakarane for triveleg tur og triveleg samver.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem